VELKOMEN til

FJORDYOGA

Yoga & eit glimt av mindfulness – mellom fjord og fjell

IMG_3724.JPG

Om meg

Yogainstruktør innan Multistyle yogautdanning (200 timarskurs) i 2017 og sidan har eg hatt yogakurs i Aurland, Nordfjord og Årdal. I desember 2017 tok eg eit 3 dagars kurs i healingmassasje under grunderen av Axelssons instituttet. Eg har delteke på Restorativ yogainstruktørutdanning (45 timars kurs) i 2018 under leiing av Ateeka Yoga. I tillegg har eg i 2018 delteke på ei vekes retreat på Bali “Finding self love” under leiinga av Bjørn Årstad Seyffarth og Michael Hallock (Water healing) og har hatt to gongar eit vekesopphald i  Mindfulness meditasjon i Villa Faraldi i Italia under leiing av Viggo Johansen. Sommaren 2019 var eg igjen på Water Healing-kurs i Sola, leia av Michael Hallock og i april 2021 vart eg ferdig utdanna YogaSOMATICS yogalærar (250 timar) også her leia av Ateeka. Eg har følgt eit 6 verkes mindfulness meditasjonskurs online der læraren var Viggo Johansen,våren -21. Gjennom dei siste åra, har eg hatt hatt tilbod om yogakurs for gravide saman med jordmor Kari i Aurland. Elles har eg vore med Ola Borud på to langhelgsamlingar i meditasjon og to kurs i mindfulness og draumetyding. Året -21 og 22 fekk eg oppleve Tantra for kvinner der Ateeka er læraren min.

Året 2022-23 følgte eg ei fordjuping i mindfulness over 4 veker der mentorane mine var Vigdis Garbarek, Viggo Johansen og Ivar Vehler. Dette føregjekk på Nøsen yoga-og fjellhotell. Tema: Kva er det å vere menneske?

August-23: Gjennomførte ei viktig personlig samtale med Vigdis Garbarek i Oslo.

September-23 tok eg eit 5 vekers onlinekurs “Pelvis-hara” der læraren er Ateeka.

September-23 følgjer eg eit 4 dagars kurs på Storestølen: Styrk din feminine kraft og indre balanse med Trude Dybendal.

Eg har gjennom fleire år no hatt yogakurs i Aurland der eg har tilbudt Restorativ yoga, Yinyoga , Mammayoga, Yoga på stol og eit kurs for dei som har vore med meg før som eg kallar Anne Marieyoga. Dette kurset er ein miks mellom alt eg har lyst å dele med andre, og der er YogaSomatic ein av dei viktigaste ingrediensane. Då held vi til i Røde Korshuset i Aurland. Elles har eg hatt gleda av å ha blitt invitert av Nynorske litteraturdagar i Aurland for å tilby morgonyoga og dei siste 2 åra med morgonyoga på Næringslivskonferansen på Fretheim hotell i oktober.

Yogaen eg kan tilby deg:

  • Hjelper kropp og sinn til å ha det betre

  • Passar alle aldersgrupper frå nybegynnarar til øvde

  • Passar både kvinne og mann

  • Inneheld også noko mindfulness meditasjon og indre øvingar, særleg på kurset eg kallar AnneMarieyoga.

Yoga i Nordfjord og Sogn

Aurland ved Sognefjorden

 

Torheim i nordfjord

 

Yoga ved Sognefjorden

yogakurs i Aurland ved sognefjorden

IMG_9144.jpg

YOGAKURS OG WORKSHOPS I AURLAND



Yoga i Nordfjord

yoga workshops på «bønen» på torheim

IMG_8941.jpg
 
 

YOGAKURS OG WORKSHOPS PÅ TORHEIM I NORDFJORD
 

 
 

Frå hausten-19, lagar eg workshop nokre laurdagar på garden vår på Torheim, Bønen. Der vil opplegget vere yoga og meditasjon i ei gammal tømmerstove, eit varmt og økologisk måltid, tur i bygda, badstu og ev sjøbad og meditasjon/yoga Nidra (yogisk somn). 

Her lagar eg grupper på facebook der eg inviterer gjester. Har du interesse, ta kontakt med Anne Marie 97101315, sms, eller epost til post@fjordyoga.com.

 
 
 

Er yoga noko for deg?

Har du lyst til å bli meir avslappa og betre kunne takle stress i kvardagen? Skulle du ønske du hadde meir tid, tid til å gjere ting utan å stresse? Kunne du tenkje deg å kjenne deg meir vital og levande? Dette og meir kan yoga gjere for deg.
Du kan legge inn yoga i livet ditt. Du vil kunne kjenne på meir energi, skaparkraft, meir moro og fred.

 
IMG_8969.jpg
 
 

Fjordyoga på Instagram