Yogaworkshop for nybegynnarar | Mars 2018 | Nordfjord

Yogaworkshop for nybegynnarar | Mars 2018 | Nordfjord

kr 600,00

Nordfjord og Torheim, bygd i Eid kommune:

FOR DEG SOM ER NYSKJERRIG PÅ KVA YOGA ER OG SOM HAR LYST Å PRØVE! Både for menn og kvinner i alle aldrar!


Workshop, yoga og meditasjon for nybegynnarar laurdag 24. mars i Grendahuset på Torheim. Kl 10.30-16.30, der eit enkelt, varmt og sunt måltid er med i opplegget.

Yinyoga: Første delen av dagen har vi fokus på pusten og rolege øvingar mot stress og stive kroppar. Du får vere med på eit yogaprogram der du kan få kome i kontakt med pust, kropp og sinn. Her er det Anne Marie som leiar økta.

Frå 12.30-13.30 får du servert varm økologisk gulrot -og ingefærsuppe med brød til. Det står Haakon Skjerdal for.

Frå 13.30 -14.30, kan du ta ein tur i den vakre naturen eller sove, slappe av på matta.

Frå 14.30-16,30 får du møte Julia Haaseth som då har laga eit program for deg som nybegynnar med hennar favorittasanas/stillingar og yogafilosofi.

Ver hjarteleg velkommen til ein avstressande, roleg dag som du deler med andre i det å ta vare på deg sjølv! Unn deg denne dagen! Den blir din! 

Helsing Julia og Anne Marie

PS! Viss det skulle verte fullt kurs og du har lyst til å stå på venteliste, gje melding på sms til 97101315 eller epost post@fjordyoga.com

utsolgt
Påmelding