Pusterommet-27 "Dagen for deg"

Pusterommet-27 "Dagen for deg"

1 000,00 kr

Dette begynner å bli ein tradisjon. I samarbeid med Mariannes bakeri og kafe lagar Fjordyoga DAGEN FOR DEG! Dagen då du kan ha deg sjølv i fokus med sunn mat, yoga,stille og kvile og samver med andre som ynskjer det same.

Vi møtest på morgonen på tom mage. Så følgjer ei yogaøkt som vekkjer kroppens system, med påfølgande frukost, kvile, pause, yoga før varm lunsj i 13-tida på Mariannes med reservert bord. Pause med gåtur eller kvile, yoga og avrunding med yogisk kvile/Yoga Nidra etter lunsj. Dagen blir frå 08:15 til ca.15:30.

Oppgje evt allergiar.

Ønskjer du å gje eit gåvekort til nokon du er glad i, kan du bestille på “Gåvekort til Pusterommet”. Her oppgir du namn på personen, adresse og telefon til den som skal få gåva /og du som gir den.

Antall:
Røde-korshuset, Ohnstad, Aurland