Restorativ yoga, tidleg haust-25

Restorativ yoga, tidleg haust-25

1 350,00 kr

Onsdagar klokka 16:00-17:15 frå 27. august til og med 1.oktober i Røde Kors-huset på Ohnstad.

Restorativ yoga tilbyr deg aktiv kvile. Kroppen vert avlasta med ulike hjelpemiddel som pute, teppe, bolster, augepute og klossar. Du kan også ta med deg pute om du treng ei spesiell.

I restorativ yoga søkjer vi etter balanse som kan gjere godt for kropp, sjel og ånd. Du kan lære å slappe av og stresse ned og slik kunne styrke nervesystemet. Ved å bruke hjelpemiddel og halde stillingane ei stund, kan kroppen din sleppe spenningar og nervesystemet ditt kan koble over frå å vere aktivt til å bli restorativ, gjenoppbyggande. Kroppen kan opplevast mjukare og meir fleksibel etter yogaøktene. Velvere!

Du treng ikkje ha vore med på yoga før, du vil bli rolig guida inn i gjenoppbygging. Du som har vore med tidlegare, er hjerteleg velkommmen igjen.

Antall:
Legg til i handlevogn