Yinyoga, tidleg haust-25
Yinyoga, tidleg haust-25
1 350,00 kr
Kanskje er du av dei som har yinyoga som favorittyogaform? Kanskje har du aldri prøvd? No kan du få vere med onsdagar frå 27. august til og med 1.oktober klokka 17.45-19:00 i Røde- Korshuset på Ohnstad.
Antall:
Yinyoga er langsam, rolig og lenge i ulike pososjonar, sittande og liggande for det meste. Yinyoga arbeider med bindevev, facia-nettverk, leddband og inn til ledd og skjelett.
Yoga er også ein måte å øve seg på å vere meir tilstades i livet, og bli bedre kjent med det emosjonelle, energetiske og mentale systemet ditt. Det kan vere ein god måte å bli kjent med deg sjølv saman med ei gruppe menneske som ynskjer det same.
Epostadressa du oppgir ved påmelding, er der du får nærare informasjon frå meg eit 1-2 veker før oppstart.