Yinyoga-26

Yinyoga-26

1 350,00 kr

Velkommen tilbake eller velkommen som ny! Eg ynskjer å gje deg opplevingar av sakte og langsam yinyoga der vi held posisjonane i nokre minutt før vi skiftar til ny. Denne yogaretninga arbeider med bindevev, facia-nettverk, ligament, leddband og innover til ledd og skjelett med merksemd på pust. Ein god plass for å meditere i kropp.

Yoga er også ein måte å øve seg på å vere meir tilstades i livet og kunne bli meir kjent med det emosjonelle, energetiske og mentale systemet. Det kan vere ein god måte å oppdage nye sider ved seg sjølv i ei gruppe menneske som ynskjer det same.

Epostadressa du oppgir ved påmelding, er den du vil få meir informasjon frå meg 1-2 veker før oppstart.

Antall:
Vi startar opp onsdag klokka 16:00-17:15 den 11. mars, held fram 18. og 25. mars. ei påskepause og på nytt den 8. april, 15., og 22.april RødeKorshuset på Ohnstad.