Restorativ yoga, seinhaustes-25

Restorativ yoga, seinhaustes-25

1 350,00 kr

Restorativ yoga tilbyr deg aktiv kvile gjennom ulike yogaposisjonar. Kroppen vert avlasta med bruk av hjelpemiddel som pute, teppe og bolster og klossar. Du kan også ha med deg eigne puter for ekstra støtte.

I restorativ yoga søkjer vi etter balanse som kan gjere godt for kropp og sinn. Du kan kanskje oppleve at du roar ned, minskar tankestraumar og roar ned nervesystemet. Slik kan kropp og sinn få kople av og sleppe spenningar og dermed begynne å bygge seg opp igjen etter sjukdom, stress o.a. som skjer i livet. Kanskje livet ditt har vore turbulent og du treng kvile?

Du treng ikkje å ha vore med på yoga tidlegare, du vil få guiding og infoen du treng.

Er du usikker på om dette er noko for deg, send meg gjerne sms på 97101315, så kan vi avtale tid for å snakkast.

Du vil få nærare info på eposten du oppgir ved påmeldinga di ca 1-2 veker før oppstart.

Antall:
Onsdagar frå 29. oktober klokka 17:45-19:00. Røde Korshuset på Ohnstad, Aurland.