Yoga for stive menn, november-26
Yoga for stive menn, november-26
Dette kurset er laga berre for menn som ynskjer å oppleve meir fleksibilitet i kroppen og få strekt stram muskulatur.
Her søkjer vi etter balanse som kan gjere godt for kropp og sinn. Du kan kanskje oppleve at du roar ned; minskar tankestraumar og roar ned nervesystemet. Slik kan kropp og sinn få kople av og sleppe spenningar. Vi fokuserer særleg på gode pusteøvingar.
Du treng ikkje å ha vore med på yoga tidlegare, du vil få guiding og infoen du treng. Du må kunne stå, sitte og ligge på matte. Eg har det utstyret som trengst som matte, bolster m.m.
Er du usikker på om dette er noko for deg, send meg gjerne sms på 97101315, så kan vi avtale tid for å snakkast.
Du vil få nærare info på eposten du oppgir ved påmeldinga di ca 1-2 veker før oppstart.
Dersom tunnelstenging og kolonne kl 18:00, blir kurset frå 16:30-til seinast 17:45 pga kolonne i tunnel. Du vil få refundert kurset om det ikkje blir pga uføresette ting som sjukdom eller for få påmelde.